KANDU har signert leigeavtale med HOA om Vikingskipet for tre nye år, frå 2021 til 2023 og planlegginga til neste års TG er fullt i gang!

Sidan 1992 er The Gathering blitt arrangert kvar påske, og sidan 1996 har vi vore på plass i Vikingskipet. Over 100 000 deltakarar har vi hatt gleden av å ønske velkommen, og det var med tungt hjarte at vi i år måtte avlyse.

Vi har signert leigeavtale for Vikingskipet

Gjennom heile Korona-prosessen har vi hatt eit tett samarbeid med Hamar Olympiske Anlegg (HOA) og diskutert fram og tilbake ulike tiltak for korleis å trygt arrangere eit dataparty i påska – alt frå vasking til soveområder, innslepp og tiltak ved sjukdom vart diskutert, fram til det vart tydeleg at vi måtte avlyse. Det er difor veldig gledeleg at KANDU no har signert leigeavtale for Vikingskipet for tre nye år, 2021 til og med 2023.

10% donerte billettpengane, 70% har billett til 2021

Vi tilbydde deltakarar fleire ulike kompensasjonsmåtar, og vi er utruleg takknemleg – 10% valde å donere heile kjøpsbeløpet til TG. Heile 70% har vald å få billett til 2021!

TG20 har kosta masse, sjølv om det er avlyst

Då TG vart avlyst i år, var allereie veldig mykje betalt, utan sjans om å få tilbake. Til dømes gjekk leverandøren av scene konkurs, utanlandske artistar har ikkje betalt tilbake det dei har fått, vi har  betalt ca 1 million i leige for Vikingskipet osv.

Vi har heldigvis hatt mange gode leverandørar som har ettergitt ein del av krava dei har mot oss, men sidan TG vart avlyst så nært arrangementsdatoen var det mange krav som måtte betalast. Årets TG vil, trass at vi ikkje eingong kunne opne dørene, koste organisasjonen fleire millionar.

Økonomien er sikra

Donasjonane frå deltakarane hjelp veldig på, og det å vite at vi allereie har mange tusen deltakarar i Vikingskipet neste år gjer at sponsorar føler seg tryggare til å bli med på samarbeid, i desse usikre tidene.

I starten av juni vart det òg klart at vi har fått innvilga støtte frå staten si krisepakke. Nokre sårt trengte pengar blir snart betalt ut til oss, og det gjer at vi kan arrangere TG neste år utan å vere bekymra for økonomien.

Vi jobbar for TG21

Med økonomien sikra, leigeavtale med Vikingskipet signert og massevis av arbeid lagt ned og nesten heilt ferdig planlagt TG20, er alt klart for eit fantastisk TG i 2021. Vi kan sjølvsagt ikkje garantere at Korona-viruset er vekke, men slik det ser ut no, er det lite som kan stoppe oss å lage eit ramsalt flott dataparty i påska 2021!

Categories: SISTE NYTT