14. februar lanserte Frivillighet Norge Frivillighetens Museum – ei digital utstilling av objekter som har sterk symbolverdi for forskjellige delar av norsk frivillig sektor. Her er Kandu og The Gathering representert med den klassiske datamaskinen Commodore 64 (C64). For nokon ser ein C64 berre ut som ein utdatert klump med plast og kretskort – men for mange opna den døra til ei heilt ny verd.
Vi er utruleg glade for å ha fått bidratt til Frivillighetens Museum, og at dataungdommen sine interesser her blir sidestilt med andre likeverdige fritidsinteresser!
Historia om Commodore 64 og kulturen som sprang ut av denne maskinen, samt resten av den flotte digitale utstillinga, kan du utforske her:
https://frivillighetensmuseum.no